onsdag, oktober 28, 2009
Sær følelse...
Det er ikkje det at eg ikkje har jobba med heimeeksamensoppgåva (1 vekes!) eg fekk utlevert på måndag, som skal leverast førstkommande måndag. Eg har brukt mange timar på den sidan måndag, og ikkje lagt meg før 2-3-tida på natta.
MEN! Det var ein veldig merkeleg følelse eg satt med for ein times tid sidan, då eg oppdaga at oppgåva er så godt som ferdig - fem dagar før eg skal levere! Og ikkje minst då det gjekk opp for meg at dette er siste eksamen før eg er ferdig utdanna sjukepleiar!! Det einaste (?!) som gjenstår no er bacheloroppgåveskriving frå om nokre veker fram til ca påske. Pluss ein siste praksisperiode (åtte veker lang) etter påske. Så er eg ferdig utdanna sjukepleiar - SÆRT!
Etter det gjenstår det jo to år før eg har fått min etterlengta mastergrad i diakoni (forhåpentlegvis!!) - men det berre gledar eg meg til! I alle fall enn så lenge ;)
Som sagt: ein sær følelse å nesten vere ferdig med sin siste eksamen før eg er ferdig utdanna, til og med fem dagar før leveringsfrist!
: )
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

1 kommentarar:
Å, så spennende!
Legg inn en kommentar