onsdag, november 25, 2009

Ny jobb!

I dag har eg begynt i ny jobb!
Vel, ny og ny. Eg har gjort veldig mykje av det eg no kjem til å gjere, som frivillig fram til no. Men no skal eg ha ansvaret for dei fleste av desse tinga. Stillinga eg går inn i no som Line går ut i svangerskapspermisjon er ei 50% stilling som barne- og ungdomsarbeidar i Notodden menighet. Eg skal blant anna ha ansvaret for sondagsskulen, aktivitetsklubb (for 6- til 12-åringar) og Plug#in - ungdomskveld ca ein gong i månaden. Og ikkje minst konfirmantarbeidet som startar opp no etter jol! I tillegg kjem eg også til å vere med på familiegudstenestene som er ein gong i månaden. Pluss litt her og litt der :)
Trur det blir bra! Eg får skrive på bachelor-oppgåve og vere i Porsgrunn på skulen litt innimellom. Akkurat no er det litt kaotisk oppi hovudet med mykje info om både ansvarsområdene mine, ulike administrative ting osv, men skal nok få kontroll etterkvart tenker eg!

0 kommentarar: