Nok ein haust står for tur.
Eg har eit veldig ambivalent forhold til haust merkar eg - på den eine sida elskar eg klar og frisk haustluft, dei nydelege fargene og det å kunne sitte i stoga, tenne ljos, fyre i vedomnen og høyre knitringa frå brennande ved. Men på samme tid: eg hatar regn og det å bli våt når ein er ute...!
Uansett... Det skjedde i august mange forandringar i kvardagen min:
- Eg har flytta til Heddal! Eg bur no i ein leilighet eit par kilometer frå stavkyrkja, dvs ca åtte-ti kilometer frå Notodden. Eg trives godt i leiligheten! Og no begynner eg til og med så smått å føle at eg køyrer heimover når eg køyrer utover til Heddal :)
- Eg har begynt på master i diakoni ved MF/Diakonova (Oslo) - det er veldig spennande! Dette semesteret tek eg to emner på totalt 20 studiepoeng, pluss eit emne som (faktisk) er obligatorisk utan at ein får studiepoeng for det - så eg er vel slik ca 75% student
- Eg har begynt å jobbe som diakon i Hjartdal, Sauland, Tuddal og Heddal! Det er også spennande! Og litt skremmande... :) Eg begynner å komme litt inn i jobben no etter eit par månader, og det kjennest veldig bra.
Ja, det er noko av det nye i livet mitt!
Om nokon leser denne bloggen, veit eg ikkje. Men legg gjerne igjen ein kommentar dersom du gjer det :)
Til slutt eit lite haustbilete av Gaustatoppen, tatt (med mobilen min...) etter haustens første(?) snofall 21.september. Biletet tok eg mens eg var på leir for 'godt voksne' i forbindelse med jobb.
13661

2 kommentarar:
Hei, Siri! Jeg har bloggen din fortsatt på min liste, så jeg får beskjed hver gang du oppdaterer :) Veldig koselig!
Lykke til med jobb og studier, så håper jeg at du fortsetter å fortelle litt innimellom i høst.
Marie
Så kosleg å høyre frå deg Marie, og kosleg du kommenterte! :)
Legg inn en kommentar