fredag, desember 18, 2009

Like før...!

No er det like før eg tek meg ferie!
I morgo har eg femte og siste gudstjeneste på litt over ei veke - og kl 15:25 set eg meg på bussen på veg heim til Rauland og tek (så godt som) JOLEFERIE!!
Jolegåvene er pakka inn, me har hatt jolebord med den herlege cellegruppa mi og siste skulegudstjeneste er imorgo - så då kan i grunn jola få lov til å komme for min del :)

I år blei (nesten) alle gåvene like:

søndag, desember 06, 2009

Tenn lys...

Frå frokosten hos Christen og Hanne i Oslo i dag tidleg



Tenn lys! Et lys skal brenne for denne lille jord
Den blanke himmelstjerne, der vi og alle bor
Må alle dele håpet så gode ting kan skje
Må jord og himmel møtes. Et lys er tent for det!

Tenn lys! To lys skal skinne for kjærlighet og tro,
for dem som viser omsorg og alltid bygger bro
Må fanger få sin frihet og flyktninger et hjem
Tenn lys for dem som gråter og dem som trøster dem!

tirsdag, desember 01, 2009

Australia - det er laaangt det...

Mi kjære veslesyster Synne flyttar den 6. januar til Gold Coast på austkysten av Australia - den sniken...!


Eg syns eigentleg ikkje noko særleg om at ho reiser SÅ langt. Ho skal studere tv- og film-produksjon der i to år. Det ser i det minste ut som ein finfin by å bu i, og eg håpar eg får til å komme på besøk - kanskje jol neste år blir feira der??

lørdag, november 28, 2009

Advent

Eg er no klar for advent!
I går kom sjokoladekalenderen i posten frå mamma, og adventslysa står klare til å tennes - eitt etter eitt :)




onsdag, november 25, 2009

Ny jobb!

I dag har eg begynt i ny jobb!
Vel, ny og ny. Eg har gjort veldig mykje av det eg no kjem til å gjere, som frivillig fram til no. Men no skal eg ha ansvaret for dei fleste av desse tinga. Stillinga eg går inn i no som Line går ut i svangerskapspermisjon er ei 50% stilling som barne- og ungdomsarbeidar i Notodden menighet. Eg skal blant anna ha ansvaret for sondagsskulen, aktivitetsklubb (for 6- til 12-åringar) og Plug#in - ungdomskveld ca ein gong i månaden. Og ikkje minst konfirmantarbeidet som startar opp no etter jol! I tillegg kjem eg også til å vere med på familiegudstenestene som er ein gong i månaden. Pluss litt her og litt der :)
Trur det blir bra! Eg får skrive på bachelor-oppgåve og vere i Porsgrunn på skulen litt innimellom. Akkurat no er det litt kaotisk oppi hovudet med mykje info om både ansvarsområdene mine, ulike administrative ting osv, men skal nok få kontroll etterkvart tenker eg!

fredag, november 20, 2009

Eit aldri så lite skryteinnlegg : )

Den 11. november blei eg tante til eit lite dovendyr!!
Var og hilste på vesle Johannes i Bergen denne veka, her kjem litt skrytebilete:





Okei då, åpne augo bittelitt til fotografen då...!

Savnar han i grunn litt allerede eg..! Gledar meg veldig til å feire jol med han :)

onsdag, oktober 28, 2009

Sær følelse...

Ca. slik her føler eg meg no...!

Det er ikkje det at eg ikkje har jobba med heimeeksamensoppgåva (1 vekes!) eg fekk utlevert på måndag, som skal leverast førstkommande måndag. Eg har brukt mange timar på den sidan måndag, og ikkje lagt meg før 2-3-tida på natta.
MEN! Det var ein veldig merkeleg følelse eg satt med for ein times tid sidan, då eg oppdaga at oppgåva er så godt som ferdig - fem dagar før eg skal levere! Og ikkje minst då det gjekk opp for meg at dette er siste eksamen før eg er ferdig utdanna sjukepleiar!! Det einaste (?!) som gjenstår no er bacheloroppgåveskriving frå om nokre veker fram til ca påske. Pluss ein siste praksisperiode (åtte veker lang) etter påske. Så er eg ferdig utdanna sjukepleiar - SÆRT!
Etter det gjenstår det jo to år før eg har fått min etterlengta mastergrad i diakoni (forhåpentlegvis!!) - men det berre gledar eg meg til! I alle fall enn så lenge ;)
Som sagt: ein sær følelse å nesten vere ferdig med sin siste eksamen før eg er ferdig utdanna, til og med fem dagar før leveringsfrist!

: )

mandag, oktober 12, 2009

Smiiil : )

Det forrige innlegget mitt var så negativt - sorry!
Så eg legger inn nokon bilder som eg blir glad av å sjå på :)





torsdag, oktober 01, 2009

Sliiiten og lei...!

Eg syns det er vannvittig tøft på skulen for tida. Tøft som i tungt. Er i praksis, har mange oppgåver samtidig og eg er i grunn litt lei no...!
(Ser at detta innlegget begynner veldig negativt :/ Sorry...!)

MEN! Eg rekker å koble litt av innimellom og kose meg. Dette har eg kobla av med dei siste vekene:

Ein tur heime på Rauland i det fantastiske haust-véret:

Ei helg hos bestemor og bestefar med Sveinung og Synne:

Den fantastiske cellegruppa mi reiste opp til gapahuken på Årstul denne veka og hadde cellegruppa der, i tillegg til pølsegrilling på bål, masse stearinljos og sjølvsagt kakao :)

torsdag, september 03, 2009

Om å få songar på hjernen...

Eg har ein tendens til å få div. songar på hjernen. I det siste kan eg nevne 'jeg er en liten undulat' og 'nå har jeg plukket meg ned en kokosnøtt...'
Og ikkje minst DENNE:
Ta en potet, ta gjerne 4 ta 8, ta alle, ja, ta en potet.
Stek dem og kok dem og spis gjerne skallet, men ta en potet.
Er du litt lei deg?
Litt trist og litt trett?
Har du forspist deg på søtt eller fett?
Så: Ta en potet, ta gjerne 4, ta 8, ta alle, ja, ta en potet.
Stek dem og kok dem og spis gjerne skallet, men ta en potet!
Hvis du vil vokse, hvis det er ditt mål.
Å bli en kjempe, med armer av stål!
Så: Ta en potet, ta gjerne 4, ta 8, ta alle, ja, ta en potet.
Stek dem og kok dem og spis gjerne skallet, men ta en potet!
Skal du ha selskap? Da gir du hver gjest. Bare poteter!
For da blir det fest!!
Så: Ta en potet, ta gjerne 4, ta 8, ta alle, ja, ta en potet.
Stek dem og kok dem og spis gjerne skallet, men ta en potet!
Så: Ta en potet, ta gjerne 4, ta 8, ta alle, ja, ta en potet, potet, potet.
Stek dem og kok dem og spis gjerne skallet, men ta en potet!
Er ikkje heilt sikker på korleis dei kjem seg inn i huet mitt (kanskje barnehagen kan ha litt skyld...?), men dei blir inni der ei stund, så forsvinner dei heldigvis ut igjen.

torsdag, august 13, 2009

Sommarmodus

Lenge sidan eg har lagt inn noko her - eg skylder på sommaren som har vore innhaldsrik!
Legger ved nokre bildebevis:









mandag, juni 08, 2009

Eksamensmodus

Regn
Kjølig vind
Smågufsent vér
Ut og gå
Fredfullt
Magisk







fredag, mai 29, 2009

Litt meir deling av Merethe-godbitar : )

Eg har tidlegare delt med meg ein godbit frå min kjære Merethe som eg gjekk på Kvitsund med og no bur i Oslo. Og no MÅ eg berre gjere det ein gong til!!
Det hadde seg slik at Merethe i vinter skulle i praksis på Madagaskar, der hennes kjære foreldre bur. Dette blei pga urolegheitar på Madagaskar ikkje noko av, noko Merethe - veldig godt forståleg - blei litt nedfor av... Men kva gjer Merethe når ho får tilbake billettpengane frå forsikringsselskapet? Ho kjøper seg ein FIOLIN! Merethe har aldri spilt fiolin før, men kva gjer vel det?
Sjekk ut Merethe sitt innlegg om fiolinen her, og: den bloggen er verdt å stikke innom ein gong inniblant. Blant anna kan eg tipse deg om dette innlegget også!

torsdag, mai 28, 2009

Hels på...

...mitt nye husdyr!!
Han/ho har fortsatt ikkje fått namn, forslag tek eg i mot med takk!

søndag, april 26, 2009

Blod- og beinmargsgjevar

Eg har i eit tidlegare innlegg oppfordra dykk som er innom her å melde dykk som organdonor. Eg vil gjerne minne om det, og med det samme oppfordre folk til å melde seg som blodgjevar og beinmargsgjevar!

Det enklaste først: Å gje blod er noko du kan gjere opp til fire gonger i året og tek som oftast under ein halvtime å få unnagjort. Blod går jo ikkje an å "lage", men trengs ved til dømes bilulykker, operasjonar og ulike kreft- og blodsjukdommar.
Eg har vore blodgjevar i ca eit år trur eg, og har ikkje hatt noko problemer med det så langt. Men det føles godt å kunne hjelpe nokon utan å gjere så mykje anna enn å sette av ein time og gå opp på sjukehuset ein tur max fire gonger i året. Vil du vite meir, sjekk ut GiBlod.no.

Så over til å melde seg som beinmargsgjevar:
Det er ikkje så masse du treng gjere dersom du vil det. Du må vere blodgjevar frå før, og neste gong du gjev blod seier du berre i frå om at du vil melde deg inn i beinmargsgjevarregisteret også. Då tek dei eit par ekstra glas med blodprøver samtidig som dei tappar (desse blodprøvene er vevstyping) pluss at du fyller ut eit skjema, og vips! - du er meldt inn i beinmargsgjevarregisteret!

Sjansen for at nokon har bruk for beinmargen din er ca 1 promille per år du står i registeret. Det høyrest kanskje ut som at det ikkje er så veldig behov for folk som kan stå i registeret, men sanninga er at det er veldig behov for det!! Det er berre det at det skal så mykje til for å finne ein gjevar som har dei samme vevstypene som pasienten.

Det vanlegaste er at til dømes syster eller bror gjev beinmarg (pga sjansen er større for å finne så lik vevstype som mogleg då), men dette går ikkje alltid. Og det er her du og eg kan komme inn i biletet!! Dersom det då skulle vere ein pasient der ute ein stad som treng ny beinmarg for å overleve, men ikkje har til dømes syskjen som kan gje, har eg altså moglegheit til å redde eit liv!

Dersom dette blir aktuelt (som sagt: sjansen er veldig liten, men: til gjengjeld er det faktisk snakk om liv eller død dersom min vevstype passer!), er det ikkje mykje det er snakk om: Gjevaren legges i full narkose, det stikkes inn ei nål i hoftebeinskammen og det blir tatt ut litt beinmarg. Det lille som blir tatt ut vert fornya i løpet av eit par veker. Dagen etter vert ein skrivd ut frå sjukehuset og ein kan kjenne litt ømhet dei første dagane etterpå. Dersom ein på forhand er frisk er det liten risiko knytta til beinmargsgjeving, og alt skjer i trygge rammer av erfarne folk.

Er det ikkje verdt det, dersom ein kan redde eit liv??
Alstå: meld deg som blodgjevar dersom du ikkje er det frå før, og neste gong du er og gjev blod: meld deg som beinmargsgjevar med det samme!

Dette er ein link til beinmarksgjevarregisteret!

tirsdag, april 21, 2009

Utfordringar er til for å tas!

Arne utfordra meg om å svare på ein del spørsmål med desse reglane:

Kopier til ditt eget notat, slett mine svar og legg til dine. Bruk den første bokstaven i navnet ditt når du svarer på alle spørsmålene. Gi ordentlige svar. Ikke dikte! Hvis personen før deg har samme bokstav, så må du gi et annet svar. Du kan ikke bruke samme ordet to ganger.


1. Hva er navnet ditt: Siri (dette starta jo i det minste bra, men regnar med at dette var det enklaste spørsmålet...!)

2. Ord på fire bokstaver: siri (eg har faktisk i stor begeistring funne ordet "siri" i spelet Kokkelimonke - der alle skal finne på forklaringar til ord og gjette kva for av forklaringane som er rett. Men skal innrømme at skuffelsen var litt stor då eg fann ut at den rette forklaringa på ordet siri, er "dobøtte ombord i et skip"...)

3. Jentenavn: Synne (forøvrig verdas beste veslesyster! Eg burde nok også nevnt Silje, som er verdas beste storesyster)

4. Guttenavn: Sveinung (og de som leser kan jo gjette - jepp, Sveinung er definitivt verdas beste veslebror!)

5. Et yrke: sjukepleiar (eg må innrømme at det faktisk tok litt tid før eg kom på det, er det heilt bra...?)

6. Farge: signalgul

7. Noe du har på deg: sokker (om vinteren: type ull for min del - eg klarer meg ikkje utan ullsokker om vinteren)

8. Mat: spaghetti

9. Noe på badet: såpe

10. Et sted: Sauland (til ære for Hanne!)

11. Grunner til å komme for seint: sjukdom (sjølvsagt...)

12. Noe du roper: Supert!!

13. Film tittel: "Skjønnheten og udyret" (Disney er og blir bra)

14. Noe du kan drikke: sjokolademilkshake

15. En musikk gruppe: Saybia

16. Et dyr: sau! :)

17. Gatenavn: Skolegata (kosleg lita gate på Notodden)

18. Bilmerke: Saab

19. Sang tittel: Stained Glass Masquerade (med Casting Crowns)

20. Et verb: sove (dvs det eg har mest lyst til akkurat no...)


Utfordringa går vidare til... den som måtte føle for det!

tirsdag, april 14, 2009

Eg innrømmer det...

...eg dømte denna dama på forhånd:

Link til klipp her!

Og eg er lei for å seie det: eg tipper eg ikkje er den eineste. Når eg såg dette klippet for nokre dagar sidan, var det første eg tenkte: -ja, særlig at ho bør stå på den scena...!
Kva er det som gjer at me tenker slik om andre mennesker, og danner oss bilder av deires kvaliteter ut frå korleis dei ser ut, snakker, oppfører seg osv...? Kvifor gav eg ho ikkje ein sjanse før eg bestemte meg for korleis hennes kvaliteter og talenter var. Eg skammer meg!...

Heller ikkje verst at opptredenen hennes er blitt vist nesten 5 millioner gonger på Youtube i løpet av kun 4-5 dagar!

mandag, april 13, 2009

Han er oppstanden!

fredag, april 10, 2009

Langfredag


Via Dolorosa


Down the Via Dolorosa in Jerusalem that day

The soldiers tried to clear the narrow street

But the crowd pressed in to see

The Man condemned to die on Calvary


He was bleeding from a beating, there were stripes upon His back

And He wore a crown of thorns upon His head

And He bore with every step

The scorn of those who cried out for His death


Down the Via Dolorosa called the way of suffering

Like a lamb came the Messiah, Christ the King,

But He chose to walk that road
out of His love for you and me.
Down the Via Dolorosa, all the way to Calvary.


Por la Via Dolorosa, triste dia en Jerusalem

Los saldados le abrian paso a Jesus

Mas la gente se acercaba

Para ver al que llevaba aquella cruz


Por la Via Dolorosa, que es la via del dolor

Como oveja vino Cristo, Rey, Senor

Y fue El quien quiso ir por su amor por ti y por mi

Por la Via Dolorosa al Calvario y a morir


The blood that would cleanse the souls of all men
Made its way through the heart of Jerusalem.


Down the Via Dolorosa called the way of suffering

Like a lamb came the Messiah, Christ the King

But He chose to walk that road
out of His love for you and me

Down the Via Dolorosa, all the way to Calvary.




Sjekk ut dette lille filmklippet idag:



"Då Jesus hadde fått eddikvinen, sa han: «Det er fullført!» Så bøygde han hovudet og anda ut." Joh 19.30

torsdag, april 09, 2009

Skjærtorsdag

Den første dagen i høgtida med usyra brød kom disiplane til Jesus og spurde: «Kvar vil du vi skal stella til påskemåltidet for deg?» Jesus svara: «Gå inn i byen, til den mannen de veit, og sei til han: 'Meisteren seier: Tida mi er nær; hos deg vil eg halda påskemåltid med disiplane mine.'» Disiplane gjorde som Jesus hadde sagt, og gjorde i stand påskemåltidet.
Då det vart kveld, gjekk han til bords med dei tolv. Medan dei åt, sa han: «Sanneleg, eg seier dykk: Ein av dykk kjem til å svika meg.» Då vart dei svært sorgfulle, og ein etter ein spurde dei han: «Det er vel ikkje eg, Herre?» Jesus svara: «Den som har dyppa handa i fatet saman med meg, han kjem til å svika meg. For Menneskesonen går bort, slik det står skrive om han, men ve det mennesket som svik Menneskesonen! Det hadde vore betre for det mennesket om det aldri var født.» Då spurde Judas, han som sveik han: «Det er vel ikkje eg, rabbi?» «Du har sagt det,» svara Jesus. Medan dei heldt måltid, tok Jesus eit brød, takka og braut det, gav det til disiplane og sa: «Ta imot og et! Dette er min kropp.» Så tok han eit beger, takka, gav dei og sa: «Drikk alle av det! Dette er mitt blod, paktblodet, som blir aust ut for mange så syndene blir tilgjevne. Eg seier dykk: Heretter skal eg ikkje drikka denne frukta av vintreet før den dagen eg drikk henne ny saman med dykk i riket til Far min.»



(Matt 26.17-29)